Vi har venta lenge på å få ny sokneprest. Vi har hatt vikarar som har gjort ein fin jobb, og det kan vi vere veldig takknemlege for. Men no skal endeleg Hildegunn Katarina Isaksen innsetjast som vår faste sokneprest.
Hildegunn har alt vore her ei stund. Ho byrja i arbeidet den 2. juni, og har alt hatt si fyrste gudsteneste i Solheim.
Men den offisielle innsetjinga vert komande søndag i St Markus, og vert utført av prosten i Bergensdalen prosti, som vi i Løvstakksiden tilhøyrer. Så det vert litt ekstra høgtideleg og seremonielt i denne gudstenesta.
- Stad: St Markus kyrkje, Lien 45
- Tid: Søndag 14. juni kl 11, 2. søndag i treeinigskapstida
Sjå også kalendaroppføring av gudstenesta.