Årets utstiller er Johanne Thingnes Leira, født 1991. Hun tar nå det siste året av bachelorstudiet ved Kunstakademiet i Bergen. I tillegg har hun en helgestilling som sykepleier ved Haukeland sjukehus.
Hun presenterer seg slik:
Min kunstnariske praksis er prega av opplevingar frå ulike sengepostar i ein travel og pressa kvardag. Med utgangspunkt i foto teke med mobilkamera, bearbeider eg motivet gjennom oljemaleriet. Ved å stoppe opp ved motivet og bruke tid, utforskar eg dei små nyansane. Den langsame prosessen vert slik ein kontrast til det effektivitetsorienterte helsevesenet.
Motivvalet i utstillinga kan plasserast innanfor ein stilleben-tradisjon, der det mellom anna er objekt frå sjukehuskvardagen som er studert. Nokre gongar er motivet sett frå eit sjukepleiefagleg perspektiv, andre gongar er det kanskje pasient eller pårørande sitt blikk som ser. Samtidig er det også sentralt det som ikkje er i biletet, det som ikkje har fått plass.
Gjennom å ha arbeida med det kroppslege i eit helsevesen som er ekspert på det målbare, ynskjer eg også å gi rom for det åndelege og sjelelege aspektet ved menneskelivet.
Det vil også bli stilt ut maleri som har eit mindre sjukehusspesifikt tema. Her er det den langsame prosessen med å observere møte mellom fargar, nyansar, speglingar og refleksjonar som er sentralt. Ved å stille ut maleria i kyrkja ynskjer eg å undersøke om dei kan få ein utvida dimensjon som kan gi rom for refleksjon inn i påskehøgtida.
Påskeutstillingen i Slettebakken varer fra palmesøndag og frem til pinse. Den er åpen i forbindelse med gudstjenester og andre arrangementer i kirke og menighetssal.