Bibeltime i kyrkja onsdag 28. august

Onsdag 28. august kl. 19.00 vert det bibeltime i Ytre Arna kyrkje ved Ingvar Fløysvik. Emnet er: Guds ord ved profeten Jesaja.

Immanuel - Med oss er Gud. Til venstre på biletet ser du "Immanuel" skrive på kinesisk (Til høgre er 1 Kor 13,4-8a skrive på kinesisk og engelsk).

Dette er den første bibeltimen kyrkjelyden og indremisjonslaga i soknet har saman i haust. 

Profeten Jesaja har vore kalla "Evangelisten i Det gamle testamentet" fordi han så klårt forkynner evangeliet og peikar framover mot Messias og Herren som skulle koma. Før kaffien i kveld er temaet Immanuel. Ordet finn me i Jes 7,14:  "Sjå, den unge jenta skal bli med barn og føda ein son, og ho skal gje han namnet Immanuel." Dette verset står i ein samanheng. Me vil sjå på kva Gud ved profeten formidla i samanhengen, og me vil dra nokre linjer fram til Det nye testamentet.

Etter kaffien flyttar me oss til kapittel 13-23 og ser på bodskapane til folkeslaga. Dei fleste profetskrifta har ein bolk med bodskapar til land utanfor Israel. Ein skulle då tru desse bodskapene må vera viktige. Men eg kan ikkje hugsa eg nokon gong har høyrt ein tale eller bibeltime over nokon av desse tekstane. Kva er det Gud gjennom profetane vil ha fram her? Kvifor sender Gud vitna sine med desse bodskapane? Me ser på det slik me finn det hjå profeten Jesaja. Men delar av det me finn, vil gjelda dei andre profetskrifta òg.

Etter som det altså var tale om før og etter kaffien, har vel dei fleste òg gissa at det vert ein kaffikopp midt i. Kan henda greier me få til noko attåt kaffien òg, det vil visa seg etter kvart.

Det er planlagt to bibeltimar til i haust, onsdag 23. oktober på Ytre Arna bedehus og onsdag 11. desember på Haugland bedehus. Emna her er ikkje fastsette enno.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"