Opne kyrkjetårn

Laurdag 26. mai er det opne kyrkjetårn i alle Valdreskommunane.

Dette er størst klokka i Begnadalen. Den har ein diameter på 80 cm, og ei høgde inkl. krone på 72 cm.  Klokka har fylgjande innskrift: LAND! LAND! LAND! HØR HERRENS ORD JEREMIAS 22.29. På motsatt side kristogram,  og alfa- og omegateiknet

Alle som har lyst til å gå inn i ein stupul, eller eit klokketårn for å sjå, må nytte høvet til det. Mange blir svært fascinerte når dei kjem nær ei klokke. Det er noko med den mektige malmen, dei vakre dekorasjonane, inskripsjonane og at dei fleste klokkene i dalen vår har kima og ringt i nokre hundre år. Dei har kalla på forfedrane våre slik som dei no kallar på oss.

Her i Sør-Aurdal er det Begnadalen som har opne tårn mellom kl. 15 og 18.

I dei andre kommunene er det ope i Slidredomen, Vang, Volbu, Aurdal og Bruflat.

Sundag 27. mai er det gudsteneste i Aurdal Kirke ved Prost Weisser, med kyrkjeklokker i fokus.

                    

Velkomne !

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"