– Det finst ingen liknande tiltak i Noreg i dag. Eit eige nasjonalt seminar for ringing representerer eit nytt og etterlengta tilskott i floraen av bevaringstiltak innan kulturminnevernet.
Målet med seminaret er å auke medvitet og den generelle kunnskapen om klokketradisjon og ringing hjå kyrkjeleg tilsette, fellesråd og sokneråd, i kommunane og på lærestadene ved universiteta, men òg hjå folk flest med interesse for kyrkjeklokker og kulturarv.
Gjennom seminaret ynskjer vi å skape eit nasjonalt møterom for dei med særleg interesse for den manuelle ringinga, drøfte problemstillingar som sektoren står i, og finne løysingar som kan sameine ulike behov. Målgruppa er særleg kyrkjetenarar og andre kyrkjeleg tilsette, i fellesråd og sokneråd, i kommunane og på lærestadene ved universiteta, men òg hjå folk flest med interesse for kyrkjeklokker og kulturarv.
I Noreg finst ikring 1900 vigsla kyrkjer. Stadig fleire av dei vel å gå over frå manuell ringing til elektrisk ringing. Å ringe med kyrkjeklokker er ikkje lenger like sjølvsagt. Om nokre år er det snart ingen att som sit inne med kunnskapane om å ringe med kyrkjeklokker, og med det høge tempoet i installeringa av elektrisk ringing er ein tusenårig religiøs praksis og kulturtradisjon i ferd med å forsvinne: Eit stort tap for tradisjonen, for dei liturgiske handlingane, for den immaterielle kulturarven, for lyden av fellesskapen og for kvar einskild av oss.
Under seminardagane blir det i alt 13 føredrag, prøveringing, festmiddag og klokkekonsert.
For meir informasjon og påmelding sjå her, eller klikk på dokumentet under.