Musikkandakt med Korklubben og LaKris
Måndag 4 juni er det duka for ein liten sommarsamling med Korklubben og songgruppa LaKris kl. 18.00 i Ulstein kyrkje. For Korklubben blir dette markering av sesongavslutning. Dette er ei samling for store og små. Og eit spesielt velkomen til alle 5 åringar/dei som skal byrje i 1 klasse til hausten: Kom og høyr koret som er for dei som går i 1-3 klasse. Sjå elles nærare info på heimesida til Ulstein sokn.
