Hausten har kome for fullt, og dei flotte trea på kyrkjegarden mister snart lauva sine. Difor inviterer vi til lauvdugnad på Vik kyrkjegard utanfor Ulstein kyrkje, 28. oktober kl. 12-16. Ta med river, trillebårer, hansker, godt humør og ikkje minst varme klede, og bli med å gjere kyrkjegarden fin til Allehelgen. Vi stiller med kaffi, litt nistemat og litt ekstra-utstyr om du ikkje har. Vi håper sjølvsagt på godt vér og godt selskap. Bli med!
Lauvdugnad ved Ulstein kyrkje
28. oktober, kl. 12-16
