Kyrkja markerer i år at det er 1700 år sidan Kyrkjemøtet i Nikea. I år faller feiring av Kristi oppstode på same dag i alle dei store kyrkjene, den 20 april. Jubileet gjev vår kyrkje eit høve til å styrke våre økumeniske relasjonar og vise fram mangfaldet og rikdomen i den kristne tru og tradisjon. I Ulstein sokn markerer vi Nikea-jubileet med samarbeid med våre katolske og ortodokse trussøsken og vi syng Nicenum i gudstenestene frå Påskedag og ut jubileumsåret.
Påskeprogram Ulstein kyrkje 2025
Påske er den eldste kristne høgtida. No minnes vi fortellinga om Jesu liding, død og oppstode frå dei døde. Påskefeiringa i Ulstein har røter heilt tilbake til den aller tidligaste kristne tida.
