Sokneprest Margit Lovise Holte er tilbake
Etter eit års permisjonstid er soknepresten tilbake. Margit har utdanningsprest ved institutt for sjelesorg på Modum Bad og ser fram til å vere sokneprest i Ulstein igjen.
Kapellan Mirjam Håland Igland har starta
I starten av august flytta den nye kapellanen til Ulsteinvik saman med ektemannen Håkon Igland. For Mirjam er kapellanstilling i Ulstein den første teneste som ferdig utdanna prest. Ordinasjonen vil finne stad 19. september i Ulstein kyrkje med biskop Ingeborg Midttømme til stades. Mirjam skal har ansvar for si første gudsteneste i Ulstein kyrkje søndag 22. august. Ta godt imot henne!
Ny sekretær Lill-Marte Apelseth Solbakken
Lill Marte Apelseth Solbakken har takka ja til stillinga som ny sekretær og starta arbeidet sitt no i august. Lill-Marte har ein Bachelor i media, IKT og design, erfaring frå arbeid i kyrkje, på skule og i destinasjon Ålesund. Vi er glade for at Lill-Marte blir sekretæren vår.