Ordinasjonsgudsteneste Tone Cecilie Carlsten

Tone Cecilie Carlsten skal vigslast til presteteneste i gudsteneste i Ulstein kyrkje 19. januar 2025 kl. 17:00 (merk klokkeslett!) Biskop Ingeborg Midttømme og prosten i Søre Sunnmøre tek del.

Ordinasjonsgudsteneste Tone Cecilie Carlsten

Tone Cecilie Carlsten er tilsett som ny vikarprest i Søre Sunnmøre prosti, med Ulstein sokn som særleg tenesteområde. Ho er tilsett fram til august, medan kapellan Mirjam Håland Igland er i omsorgspermisjon.   

Tone Cecilie er 53 år, og skal vigslast til presteteneste i Ulstein kyrkje 19. januar.

Då kjem biskop i Møre bispedøme og prost i Søre Sunnmøre for å feire vigslingsgudsteneste saman med stab og kyrkjelyd i Ulstein. Det er kyrkjekaffi på Fredheim etter gudsteneste. 

Opphavleg kjem Tone Cecilie frå Telemark, og ho trivst framleis med begge målføre. Ho er fødd på Notodden og der vaks ho opp i eit miljø prega av nært samarbeid mellom statskyrkja og indremisjon. Ho har fått prøve seg som vikarprest i Oslo og Borg bispedømer, og likar godt hyrdetenesta med å vera med å leggja til rette for folkeleg kristenliv og kristeleg folkeliv. 

Under presteutdanninga har ho vore frivillig for Kirkens bymisjon med oppsøkjande arbeid og nærvær på Oslo S, for å fremja trivsel, tryggleik og helse ved eit av dei travlaste knutepunkta i landet. I vrimmelen av folk som ferdast der har ho blitt van med å møta menneske med rusrelaterte utfordringar, dårleg psykisk helse, einsemd, huslause og personar med demens. Her har ho òg fått erfaring med å samtale med menneske i større og mindre livskriser, og med unge som opplever møtet med storbyen spanande og skremmande på same tid. 

Ho har òg vore frivillig i arbeid med born og unge i Oslo bispedøme i ei årrekke saman med ektemann og to døtrer som no er godt vaksne. Yngste dotter studerer no musikk i Volda, og det var ein god grunn til å søkje teneste på Sunnmørskysten for ei periode. 

Tone Cecilie vart først utdanna barne- og ungdomsskulelærar i Telemark.  Ho har mange års erfaring som pedagog og utdanningsforskar, med fleire oppdrag for departement, direktorat, interesseorganisasjonar, universitet og høgskular både sivilt og i Forsvaret. Innan grunnforsking har ho hatt fokus på livslang læring, og har mellom anna forska på prestar si kompetanseutvikling i Den norske kyrkja. I teologistudiet har ho vore særleg oppteken av pastoralteologi og spiritualitet i eit livssynsope samfunn. 

Ho har lang erfaring med å samarbeide med menneske i alle aldrar og i ulike livsfasar, og gler seg til å bli betre kjent med Ulsteiningane og den vakre naturen på Sunnmøre. 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"