Treng vi fastetid? Korleis skal det eventuelt gå føre seg?
Å faste er å avstå frå noko, slik at noko viktigare får plass. Det kortsiktige må vike, for at det evige kan bli tydeleg for oss. Vi lev i ei tid der den daglege maten er noko vi treng ikkje å tenkje noko særleg over. Vi er blitt vant til ein høg materiell velstand
Fastetid handlar om å kunne ta ei bevisst pause frå dette, legge vekk noko ei stund og flytte fokus over på noko anna. Har eg det som trengs i min kvardag som gjev mat for det evige livet? Er der opningar på mine vanlege dagar til Herren? Korleis kan Herren lære meg enkle måtar å la Gud få fast plass på menyen?
I fastetida går også den liturgiske farga frå grønt til fiolett, frå fargen for liv og vekst til fargen for førebuing og sjølvransaking.