Dette er det nye soknerådet - rangert etter talet på røyster på dei ulike kandidatane
1. Øyvind Hagen (754)
2. Odd Arne Vikebakk (734)
3. Silje Kiperberg Aksnes (733)
4. Linda Hasund (703)
5. Cecilie Frantsen Skeide (698)
6. Ingrid Redse Mjaaseth 670)
7. Berge Myrene (666)
8. Gunn Marthe Veddegjerde Pieroth (658)
9. Beate Hopland Langnes (649)
10. Monica Leine Tokheim (647)
11. Janne Fylsvik Rønningen (639)
12. Marianne Follesøy Kaldhol (627)
13. Mali Åm (626)
Gratulerer med mandatet og tilliten! På heile 69% av dei leverte røystene har veljarane gitt personlege røyster til kandidatane. Dette tyder på ei levande demokrati der veljarane aktivt bruker retten sin til å medbestemme.
Dei første 8 er faste medlemar, dei 5 siste er vara. Soknepresten har alltid ein fast plass i sokneråd.
Det nye soknerådet skal konstituere seg på sitt første møte 8. november.
Sjølve deltakinga i kyrkjevalet for Ulstein sokn var under forventninga. 614 av 5536 medlemar med røysterett brukte røysteretten sin. Det er berre 11% oppslutnad om valet.
260 røyster blei gitt digitalt, noko som for første gong var mogleg ved eit kyrkjeval.
354 røyster blei gitt på papir, 74 av desse ved førehandsrøysting.
Vi vil takke alle som stilte som valfunksjonærar i vallokale, og ved organisering og gjennomføring av val. Takk for god hjelp frå Ulstein Arena, Hasund Grendahus, Haddal skule og Ulstein skule for gode vallokale.