For ei oppleving dette blei! Urframsyning «Eg spelte på fløyte» på Sjøborg laurdag, 19. mars baud på eit musikkteater med eit bredt engasjement av lokale krefter og høg kvalitet. Med kantor Ståle Helvig i spissen og ein erfaren og kreativ regissør Dagfinn Olav Bye har Ulstein kyrkje jobbe i mange år med dette prosjektet.
Å kunne skape eit kulturelt høgdepunkt i lokalsamfunnet som kyrkjelyd er eit privilegium. Vi er veldig glade for interessa publikumet har vist, og vi vil rette ein stor takk til alle som har bidratt som engasjerte skodespelarar i film og på scena, for nydeleg framført song og musikk, historiske bilde som kulisser, rekvisiter, båt, hest og kjerre og alt det andre praktiske som skulle til. Og vi vil takke Musikkfondene, Sparebanken Møre, Ulstein Group og Møre bispedømeråd for økonomisk stønad som var avgjerande for å kunne gjennomføre prosjektet.
Vi deler lenke til Vikebladet Vestposten som har ei nydelelig bildeserie i sin artikkel (abonnentstoff)
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.