Dåpsskulen er eit tilbod for barn som fyller 6 år i 2026. Påmeldinga til dåpsskulen er opna. Desember går fort, så meld gjerne på allereie no.
PÅMELDINGSSKJEMA nederst på denne sida.
Viktige datoar for dåpsskulen i 2026
Tirsdag 6. januar kl 17:30 - Tema: Å høyre til i kyrkja
Tirsdag 13. januar kl 17:30 -Tema: Sakkeus m/kveldsmat
Tirsdag 20. januar kl 17:30 - Tema: Vi utforsker kyrkja
Tirsdag 27. januar kl 17:30 - Tema: Øving til gudsteneste
Søndag 01. februar kl 11:00 - Gudsteneste med avslutning for dåpsskulen
Det er fint om ein vaksen er med barnet på samlingane. Om ikkje mor eller far kan, kan de til dømes spørje ein fadder, tante eller bestefar, om dei kan vere med.
Eigenbetaling: Vi set pris på at dei som kan, betalar kr. 100. Dette dekker utgifter til materiell. Bruk Vipps 801600 velg dåpsskulen
Kontakt oss gjerne om de lurer på noko eller om det er noko de tenkjer det er greitt at vi veit om. Når vi veit, kan vi legge til rette for at barnet ditt får ei god oppleving.
Velkomen til fire tirsdagssamlingar og ei kjekk gudsteneste! Om det er noko de lurar på er det berre å ta kontakt med Bjørn Losvik.
Bjørn Losvik; tlf 905 80 051
Ulstein kyrkjekontor; tlf 700 17 680
