Betaling for utanbygds gravferd 2025: Alver kyrkjelege fellesråd
- Leige av kyrkja: Kr 1650
- Tenesterefusjon, kyrkjemusikar: Kr 2900
- Tenesterefusjon, kyrkjetenar: Kr 1950
Desse satsane gjeld
- for gravferd når avdøde ved dødsfallet var folkeregisterført i annan kommune enn Alver.
- for gravferd når avdøde tilhøyrde annan trus- eller livsynssamfunn enn Den norske kyrkja med ynskjer likevel å leige eit av DnK sine kyrkjer til seremoni.
NB: Betaling for prest
I visse høve må ein også betale for prest. Dette gjeld når avdøde var busett utanfor prostiet, altså utanfor Nordhordland prosti. Prosedyre: Familien skriv under på eit skjema som presten tek med (Fakturagrunnlag for gravferd), og bekrefter då at ein er kjend med ordninga. Etter gravferda vil bispedømekontoret sende rekning til familien for prestetenesta. Det ligg lenke nedanfor til bispedømet sin nettsak om dette.
Kva med betaling for grava?
Det er gravplassmyndigheita i Alver som regulerer og tek betaling for utanbygds gravferd. Du finn meir informasjon om dette, og fleire prisdøme, på deira nettside.