Vegleiing ved dødsfall

Her finn du informasjon om festeansvar, seremoniar, urnenedsetjing, gravstein og andre praktiske forhold i samband med gravferd.

Vegleiing ved dødsfall

Alle som er folkeregisterført i kommunen har rett til gravstad i kommunen. Dei aller fleste engasjerar eit gravferdsbyrå til å ta hand om alle praktiske gjeremål i samband med dødsfallet.   

Festeansvarleg
Ved dødsfall må pårørande ta stilling til kven som skal vera formelt ansvarleg for gravferda. I tillegg må dei ta stilling til kven som skal ha formelt ansvar og råderett over sjølve gravstaden. Denne personen vert kalla festar.

Ei grav er freda i 20 år etter første gravlegging. Deretter kan ein forlenge festetida med 5 år om gongen mot festeavgift. I fredningstida vert det ikkje betalt festeavgift.

Ved bruk av kistegrav kan ein også festa ei grav til framtidig bruk. I slike tilfelle må ein betale festeavgift frå starten av for den grava som ikkje er blitt teke i bruk. Ved gravlegging i denne får ein ikkje frigrav.

Gravferd eller bisetjing?
Avhengig av den avdøde sine ynskjer, må pårørande avgjere om det skal vera kistegravferd eller bisetjing med påfølgjande kremasjon. Dei fleste bed kyrkjekontoret om å få utlevert urna for nedsetjing. Tidspunkt for nedsetjing vert avtalt mellom kyrkjekontoret og ansvarleg for bisetjinga.

Gravminnet
Lovverket fastset rammene for utforming av gravminne når det gjeld tekst, kvalitet og dimensjonar. Gravminnet skal verta godkjent av kyrkjeverja før montering. Det må gå 6 månadar før gravminnet kan setjast opp. Alle gravminne skal vera sikra mot å kunne velta, dette er festar sitt ansvar. Kyrkjekontoret kan tilby sikring/oppretting av gravminne.

Serviceerklæring
Tilsette ved gravplassane har ansvar for å medverke til at avdøde vert gravlagd på ein verdig måte, og med respekt for trua og livssynet til den einskilde. 

Grava skal vera klar i god tid før gravferda, og fremstå ryddig og sikker. Det skal vera rydda adkomst for gravfølget og nødvendig utstyr skal vera utplassert. Grava vert lukka og ordna så snart gravfølget har forlatt gravplassen. Dersom pårørande ikkje tek bort blomar/kransar, vert desse fjerna av kyrkjegardsarbeidarane når dei er visna. Kyrkjegardsarbeidarane planerar og sår i gras.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"