TID OG STAD: KNARVIK KYRKJE ONSDAG 31. OKTOBER KL.17:00-20:00
* Morsomme aktivitetar som fiskedam, hoppeslott og klatring
* Klovnen Kiki
* Sangaren Bjarte Leithaug
* Tryllekunstnaren Andini
* Morsomme kostyme for dei som vil, ingen skumle maskar
* Pølser, is, saft, mykje godteri
* Arrangementet er livssynsnøytralt
* For barn opp til 12 år
OM HALLOVENN
HalloVenn er eit eige konsept (www.hallovenn.no), og vert arrangert over heile landet. Temaet er «Gode venner», og mottoet er: «Det du vil at andre skal gjere mot deg, skal du gjere mot dei». Ved å legge til rette for gode vennskap ønsker HalloVenn å gjere Norge til ein betre stad å vere. Dette er også eit positivt alternativ til halloween-feiringa.
PRAKTISK INFO
Til Knarvik 31. oktober kan det kome fleire hundre barn til vennefesten. Det er inngangspenger, kr. 75,- per barn (2-12 år), barn under 2 år og vaksne gratis, maks kr. 200,- per familie. Barn under skolealder må vere i følgje med ein vaksen. I prisen ligg både underhaldning, aktivitetar, mat og godteri.
ARRANGØR
Arrangementskomiteen i Knarvik er personer frå ulike forsamlingar og kyrkjelydar i Nordhordland.
Målet er å legge til rette for at barn og unge skal få oppleve ein stor, felles vennefest!