25. september klokka 11. feirer vi jubileumsgudsteneste i kyrkja. Biskop Halvor Nordhaug preiker, og prost Geir Sørebør tar del saman med noverande og tidlegare prestar i Meland. På ei jubileumsgudsteneste skal det vere flott musikk, og Scala brass-band, Octavia-Meland ungdomskantori og fleire musikarar vil løfte gudstenesta. Det vert nattverd og sjølvsagt er søndagsskulen vår, Løvegjengen, med. Det vert samla inn eit takkoffer til kyrkjelydsarbeidet.
Etter gudstenesta er det jubileumsfest på Nordhordland folkehøgskule. Denne festen er det påmelding til. Sjå lenke under.