Informasjonsbrevet er sendt i posten til alle i det aktuelle årskullet vi har i medlemsregisteret vårt. Ein er sjølvsagt velkomne til å melde seg på sjølv om ein ikkje har fått informasjon i posten. Det vi har sendt i posten kan også finnast i lenkjene nederst på denne sida.
Om ein er usikker på om ein vil vere med på konfirmasjonsopplegget eller ikkje, kan ein ta kontakt med kyrkjekontoret for ein prat. Ein treng heller ikkje å bestemme seg med ein gong, for påmeldingsfrist er ikkje før seint i haust.
Alle informasjonsbrev vi sender ut, vil du finne på ei eiga underside på nettsidene våre heile konfirmasjonstida, så om du treng informasjon, vil det alltid ligge ute her. Men det vi har sendt ut no, kan du altså finne under denne artikkelen.