Lokalet på Frekhaug torg, i andre etasje ved tannlegen, biblioteket og kyrkjekontoret, måtte byggast om frå 6 kontor til eit lokale med kjøkken, toalett og stillerom. Dette var folk villig til å ta med dugnadsinnsats. Mange, mange timar er lagt ned i dugnaden, men resultatet vart også veldig bra. Opninga var 2. september. Utover hausten har vi hausta fruktene, no ser vi at fleire og fleire finn ut at Møteplassen er ein god plass å møtast på. Norskkurs og internasjonal kafe er nye aktivitetar, Open Møteplass har fått eit kraftig oppsving i nytt lokale, babysang/småbarnstreff er endå meir populært for å nemne noko. Sjå oversikt over aktivitetane i "kva skjer" eller under "vaksne", "barn og unge" andre stader på nettsida.
Møteplassen som vart til på dugnad
Meland har fått seg ein ny Møteplass. Utan den store dugnadsinnnsatsen hadde det aldri gått.