Kyrkjelyden arrangerer babysang og småbarnstreff kvar tysdag frå kl. 11-13 på Møteplassen.Vi startar samlinga med babysang. Denne samlinga varer ca ein halv time. Etterpå er det koselig leik for borna, og prat for dei vaksne. Vi lager kaffi og te, og ofte er det vaflar å få òg. Ta gjerne med niste og ta lunsjen her! Babysangen passar best for born under ett år, men ein er sjølvsagt velkommen med eldre barn òg. Småbarnstreffet er lagt opp for born frå 0-2 år. Hjarteleg velkommen til ein koselig og sosial formiddag!
Oppstart for babysang og småbarnstreff
Babysang og småbarnstreff startar opp att etter ferien tirsdag 28. august.