Kvar må gje det han har bestemt seg for i sitt eige hjarte, ikkje med ulyst eller av tvang. For Gud elskar ein glad gjevar. 2. Kor 9,7
Viss du vil melde deg på gjevartenesta: Ta direkte kontakt med oss, sjå kontaktinformasjon nedanfor. Ditt bidrag er med på å gje alle eit godt tilbod i kyrkja vår.
Gjevartenesta vår gjorde det mellom anna enklare for bispedømerådet å gje løyving på 70 % av spesialprest.* Vi finansierer 40% av diakonstillinga med eigne midlar og vi betaler 150 000 i året for å få eit større lokale på Kyrkjetorget. Det hadde ikkje blitt mogleg utan gåver.
Beløpsgrensa for skattefritak for gåver til frivillige organisasjonar er på 25.000 (pr mai 2023).
Du som gjer er med å:
• sikra inntekter til løn
• pengar til eit større og betre lokale i nye Frekhaug torg - Kyrkjetorget
• tilby søndagsskule
• tilby fleire trusopplæringstiltak
• bidra til andre tiltak som du brenn for
Vil du oppjustera ditt beløp? Eller melde deg som fast gjevar?
Påmeldingsskjema for gjevartenesta finn du her, (fungerer ikkje pr 15.05.25 - ta kontakt med Anne Sofie Uthaug for påmelding) då nyttar du Bank-ID som registrering. Bruk elles dokumentet i lenka nedanfor og send inn som brev (eller skanna med signatur) til kyrkjekontoret.
Har du auka gåva i det siste?
Lønnsutgiftene stig også i kyrkja. Det same gjer prisar på varer og tenester. Det er viktig at gjevarane auker gåvene i takt med dette.
Viss du vil auke gåva di, sjå Min side (fungerer ikkje pr 15.05 - men det kjem snart!)
Eller du kan gje beskjed til kyrkjekontoret (skriftleg/ på epost) om kva sum du vil auke til. Det går bra, så lenge du held deg til maksimumsummen du har avtalt.
Har du tenkt til å auke over maksimumsummen du la inn når du inngjekk avtalen -kan du endre den i nettbanken, eller ta kontakt med banken din om endringa.
* Nett no (frå 2022 ) har bispedømet ettergitt denne lønnsrefusjonen for at det skal kome barne og ungdomsarbeid til gode. Soknerådet har ønska å spare desse pengane for ta kostnadene med eit større lokale i nye Frekhaug torg når det står ferdig. )