Utan frivillige i gudstenestelag og søndagsskule, musikarar og teknikarar, hadde ikkje vi hatt så stor oppslutnad om gudstenestene våre. Utan villige hender og føter, hovud og hjarte, kunne vi ikkje hatt dei diakonale tiltaka som vi er stå stolte av, og det ville vore svært vanskeleg å drive eit godt barne- og ungdomsarbeid.
Vi har plass til fleire medarbeidarar.
Blir du med på laget?
Vil du dele av ditt engasjement, din kunnskap og dine evner, slik at kyrkja fortset å vere ei engasjert, mangfaldig og inviterande kvardagskyrkje?
Bruk lenka nedanfor!