200 årsmarkering i Emigrantkyrkja

Utvandringsfestivalen 2025: Festgudstenesta i Emigrantkyrkja søndag 06. juli vert ei markering av at det er 200 år sidan den første organiserte utvandringa frå Noreg fann stad.

Publisert:

200 årsmarkering i Emigrantkyrkja

Arrangementet er ein del av Nasjonaljubileet 2030, der ein i år set fokus på tema "Emigrasjon og identitet."   Biskop Ragnhild Jepsen deltek saman med kvedaren Reidun Horvei, ordførar Nina Bognøy og fylkesordførar Jon Askeland, m.fl.

Andre medverkande: Prestevikar Bjørn Dalsgård Nygård, diakon Gudveig Kartveit Sundsbø, kyrkjemusikar Vidar Eldholm, medliturg Kirsten Skage Mellingen og musikar Per Bjørkhaug.

TIDSPUNKT: 06. juli 2025 kl 11:00 , Emigrantkyrkja på Sletta i Radøy

Les meir om:

Utvandringsfestivalen 2025

Nasjonaljubileet 2030

Crossing 200

 

Programmet etter gudstenesta:

Etter festgudstenesta - klokka 12 blir det markering ved monumenta utanfor, der fylkesordføraren, ordføraren og biskopen deltek. Frå 12.30 opnar festivalkafeen i teltet på prærien der det blir servering av varm mat, kaffi og kaker. 

Alle husa og utstillingane er opne og det er mykje kjekt og nytt å sjå og vera med på. Her kan de mellom anna høyre meir om dei ulike prosjekta Utvandringssenteret har jobba med i jubileumsåret. 

I kyrkjekjellaren finn de Slekt og Data som vil rettleie i slektsforsking og korleis ein finn fram i mellom anna amerikanske kjelder.

Les meir om Utvandringsfestivalen her: https://muho.no/vestnorskutvandringssenter/utvandringsfestivalen-2025

 

 

 

 

 

 

 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"