Gudstenesta var førebudd i lang tid med mange involverte slik at den blei ein fest og til inspirasjon for oss som kom. Kanskje den sterkaste stunda i gudstenesta var då diakon Gudveig Kartveit Sundsbø intervjua Mekin og Sibel frå Tyrkia om deira opplevingar med å verta fengsla for meiningane sine i heimlandet, flukta derfrå og å kome til eit nytt land. Mange vart rørte då Sibel fortalde korleis ho kjende på redsle der ho sat høggravid i ein båt i Middelhavet. Vi blei minna på at folk på vandring skjer heile tida og ikkje minst i vår tid no, med uro, krig og klimaendringar som driv mange menneske på flukt.
Dette var og tema i preika til biskop Ragnhild Jepsen, som drog linjene frå menneska som for 200 år sidan valde å reise frå fedrelandet med håp eit betre liv, til dei som reiser i dag, med det same håpet. Linjene frå fortid til notid blei halden fram på fleire vis. Oddmund Skjelvik bar inn korset i starten av gudstenesta, «dugnadsgeneralen» og ein av dei som flytta kyrkja til Noreg. Han bar og inn alterkorset den gongen kyrkja var vigsla i 1997. Kvedaren Reidun Horvei bidrog med vakker song og løfta gudstenesta, saman med musikarar Vidar Eldholm og Per Bjørkhaug.
Soknerådsleiar Kirsten Skage Mellingen, ordførar Nina Bognøy og fylkesordførar Jon Askeland og Gunnar Kartveit deltok og i gudstenesta, som vart leia av prest Bjørn D. Nygård.