Radøy sokn søkjer ny sokneprest

Til hausten blir soknepresten vår, Kjell Sekkingstad, pensjonist. No søkjer bispedømet etter ny prest med tenestestad Radøy. Kanskje dette er noko for deg?

Publisert:

Radøy sokn søkjer ny sokneprest

Bjørgvin bispedøme har ledig stilling som sokneprest i Nordhordland prosti med Radøy sokn som tenestestad.

I Nordhordland står folkekyrkja sterkt. Prostiet er ein stad der fjord og fjell, bygd og regionsenter, tradisjon og fornying går hand i hand. Her finn du eit levande kulturliv med eit særleg rikt korps- og musikkliv og sterke frivillige miljø med folkekyrkja midt i fellesskapen.

Vi ser etter deg som ønsker å vere med på å vidareutvikle folkekyrkja i lag med stab, folkevalde og frivillige. Vi ønsker oss ein prest som vil:
-      Formidle evangeliet om Jesus Kristus med nærleik til menneska kyrkja møter
-      Bygge lag og samarbeid i soknet
-      Arbeide for at kyrkja er synleg og tilgjengeleg i lokalsamfunnet
-      Utvikle gudstenestelivet og delta i det kyrkjelydsbyggande arbeidet

Kyrkja på Radøy er ei folkekyrkje, kor folk er glade i kyrkja og stiller opp på dugnad ved merkedagar og generelt som frivilleg i det kyrkjelege arbeidet.

Les meir og søk på stillinga her.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"