Ledig stilling: Kyrkjetenar med tenestestad Radøy sokn (ny utlysing)

Alver kyrkjelege fellesråd lyser ut ledige stillingar som kyrkjetenar med hovudansvar for kyrkjene i Radøy sokn (Hordabø, Manger og Sæbø). Det er ledig til saman 70% stillingsressurs som skal fordelast på (minimum) to stillingar. Endeleg stillingsstorleik vert avtalt mellom dei som får stillingene og dagleg leiar.

Ledig stilling: Kyrkjetenar med tenestestad Radøy sokn (ny utlysing)

Kyrkjetenar har m.a. ansvar for at kyrkja er rein og velstelt. I samband med gudstenester , gravferder og andre kyrkjelege handlingar er ein ansvarleg for ringing, praktisk tilrettelegging og lyd. Ein må rekna med helgearbeid minimum 2 gongar i månaden; noko kveldsarbeid i vekene må ein også pårekna. Tillegg for helge- og kveldsarbeid i samsvar med tariffavtalen for kyrkjeleg sektor.

Kyrkjetenar har dagleg leiar i soknet som nærmaste overordna og må sjølv vere medlem av Den norske kyrkja. Vi ser gjerne etter søkjarar som er rådsnare og evner å arbeide sjølvstendig, men som samtidig blir ein del av vårt gode kollegafelleskap. I arbeidet som kyrkjetenar må ein rekna med å møte menneske i ulike situasjonar og livsfasar. Vi kjem til å leggja vekt på gode kommunikasjonsevner.

Søkjarar må ha førarkort og disponere bil. Løn etter tariffavtale for kyrkjeleg sektor (kr. 203.700 – kr 275.590 for 70% stillingsressurs). Obligatorisk medlemskap i KLP (2%). Vi tilbyr også tenestetelefon og moderne IKT-løysingar. 

Nærare opplysingar hjå dagleg leiar Audun Sylta. Søknad med CV og referansar vert å sende via den elektroniske søkjarportalen. Søknadsfrist er 3. august 2020

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"