Pynting, fotografering og videopptak

På bryllupsdagen kan kyrkja pyntast etter personleg ynskje og smak. Mange engasjerar også ein fotograf og videopptak vert meir og meir populært.

Publisert:

Pynting, fotografering og videopptak

Tidspunkt for pynting må ein avtala med kyrkjetenaren, men det er som regel berre høve til å pynta éin time før seremonien. Dersom det er fleire bryllup same dag, kan det vere knapp tid til å pynta mellom seremoniane. Då bør brudepara snakka med kvarandre på førehand og bli samde om felles pynting. Kyrkjekontoret kan fortelja deg om det er fleire bryllup på same dag i same kyrkje.

Fotografering og videopptak

Det er vanleg at paret spør nokon om å ta ansvar for fotograferinga. Gode bilete ynskjer ein sjølvsagt frå det som skjer i kyrkja. Stadig fleire ynskjer også videopptak av seremonien.

Fotograf/videograf må ta kontakt med presten i sakristiet cirka ein halvtime før bryllupet. Presten vil kunne gje gode råd og tips om plassering, og informere om dei retningslinjene som gjeld for fotografering i kyrkja. Det er ikkje er lov å stå bakom presten eller innanfor altarringen.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"