Ei tid etter tapet vil mange oppleve at det er godt å treffe andre som har vore gjennom noko av det same.
Kyrkja i Alver og Kreftkoordinator i Alver kommune ønskjer å vere til hjelp med å tilby sorggruppe for menneske som opplever sorg. I gruppa kan ein setje ord på kjensler, tankar og opplevingar kring sorg og tap, og saman med andre i liknande situasjon få hjelp til å finne styrke til å gå vidare med tapet.
Anne-Britt Hauge, som er kreft-koordinator i Alver er med, men det tyder ikkje at tilbodet er berre for etterlatte etter kreft.
Sorggruppa skal vere eit trygt fellesskap.
¨ Ei sorggruppe er eit tilbod om støtte til etterlatte etter dødsfall
¨ Gruppa har 4-8 deltakarar, som møtes til faste tidspunkt
¨ Kvar samling er 1,5 time
¨ Gruppa samlast mellom 8 og 10 gonger, ut frå talet på deltakarar
¨ Gruppa er for alle– uavhengig av livssyn
¨ Ein vel sjølv kor mykje ein vil dele
¨ Gruppa baserer seg på gjensidig teieplikt
¨ Gruppa er gratis
¨ Gruppa vert leia av to eller tre av kontaktpersonane. Det vert faste leiarar for gruppa.
Sjå brosjyra som ligg som lenkje under.
Kontakt ein av diakonane, Ruben eller Gudveig for meir informasjon. Sjå kontaktinfo under.
Eller Kreftkoordinator Anne- Britt Hauge, 40910889.