"Svenske tilstandar" - til inspirasjon

I starten av oktober fekk fire heldige tilsette i kyrkja i Alver reise på tur til Sverige for å lære om integrering av flyktningar og innvandrarar. "Det var spennande!" fortel Gudveig og Håkon.

Møte med Gunnilla Moshi i Spånga-Kista. Frå venstre Gunilla, Gudveig K. Sundsbø, Anne Sofie N. Uthaug og Håkon Ø. Kinsarvik. Foto: John Fredrik Wallace.

Turen var ein del av eit større og langvarig prosjekt finansiert med midlar frå Erasmus+, som er EU sitt opplæringsprogram. Alver kyrkjelege fellesråd er så heldig å ha fått tildelt slike midlar. 

Det første møtet vi hadde var med eit brennande menneske med årelang erfaring frå integreringsarbeid i Stocholm: Gunilla Moshi. Bydelen Spånga Kista er ikkje så langt frå og har mykje til felles med mykje omtalte Rinkeby - der ein kjent norsk politikar introduserte utrykket "svenske tilstander" for nokre år sidan.

Det generelle inntrykket vi fekk gjennom å sjå ulike typar arbeid -  meir eller mindre knytt til kyrkjer, var at svenskane har jobba godt med integrering. Dei har hatt fleire flyktningar enn Norge, men har også utvikla mykje spennande arbeid. 

"Eg kan ikkje gjere noko med skytinga", sa Gunnilla,"men vi kan jobbe med førebygging". Gunnilla var svært oppteken av at ungdom måtte få seg arbeidserfaring. Ho hadde på kreativt vis skaffa mange sommarjobbar knytt til kyrkja sitt arbeid, som dei deretter kunne setje på CV-en og bli ein inngangsport til arbeidslivet. Dei stilte krav til ungdommane, så dei lærte seg kva arbeidsgjevarar forventar. Denne lokale kyrkjelyden hadde også språkopplæring, erfaring med dåpsopplæring av konvertittar, samarbeid med den lokale moskeen om tiltak i lokalmiljøet med meir. Gunilla fortalte også om kor viktig det var å gje dei nytilflytta lokal identitet og tok dei gjerne med på historisk vandring, der det var fint å kunne peike på korleis kultur alltid har vandra over landegrenser. 

Vi som reiste på tur var Gudveig Kartveit Sundsbø, diakon, Håkon Økland Kinsarvik, spesialprest, Anne Sofie N. Uthaug, dagleg leiar (Meland og Osterfjorden) John Fredrik Wallace, kyrkjeverje

 

Tekst: Anne Sofie N. Uthaug

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"