Ei julebøn frå biskopen - Julekort

Av biskop Ragnhild Jepsen

Publisert:

Biskop Ragnhild Jepsen. Den norske kirke/Kirkerådet
Biskop Ragnhild Jepsen. Den norske kirke/Kirkerådet

Ein gong fekk mor mi eit julekort som begynte slik: ”Kjære Jesus”.

Vi lo mykje av det kortet. No hugsar eg ikkje lenger kven avsendaren var. Men eg tenker at han eller ho sikkert var vant til å be, og fann ro og styrke i å be til Jesus.

Så i ei stille kveldstund med ein bunke julekort framfor seg og tankane i flyt, var det kanskje mest nærliggande å skrive nettopp det: Kjære Jesus.

 

Sjølv er eg veldig glad i å få julekort. Eg prøver å sende nokre frå meg også. Eg synest det er fint å skrive til slekt og vener om året som har gått, korleis vi har det i familien, og kanskje også med ein refleksjon over hendingar i verda som har gjort inntrykk på oss. Til det siste vil det i alle fall vere mykje å ta av når dette året går mot slutten.

 

Bibelen inneheld mange brev. Kanskje ikkje akkurat julebrev, men elles med mykje som liknar dei breva vi sender i denne tida: Med stor omsorg for mottakarane og med gode råd for korleis ein skal leve saman i kyrkjelydane og vere truverdige vitne om trua på Jesus Kristus.

Og ikkje minst: Med overtydande glede og kjærleik til Gud som har gjeve oss den finaste av alle gåver: Jesus Kristus. Gåva som har gjeve evig von.

 

Eit brev vi kan lese i juletida, er brevet frå Paulus til kyrkjelyden i Roma. Der minner han både kyrkjelyden og oss om barnet som vart fødd i Betlehem, han som kom frå Gud og som gav oss vona som gjer at vi kan få del i den himmelske gleda:

 

Isais rotskot skal koma, han som reiser seg og rår over folka, til han skal folkeslaga setja si von. Må Gud, som gjev von, fylla dykk med all glede og fred i trua, så de kan vera rike på von ved Den heilage andens kraft.

(Rom 15, 12-13)

 

Denne jula skal vi igjen verkeleg kunne seie:

Kjære Jesus!

For Jesus er vona vi har fått del i. Vona som vaks fram or ein kvist – eit rotskot. Barnet som kom til verda i mørke og kulde er han som kom med frelse for alle menneske. Det er verkeleg slik Paulus skriv så oppmuntrande i brevet sitt: Vi kan vere rike på von ved Den heilage andens kraft!

 

Kanskje er det ei erfaring at det er ut frå det som er stussleg og lite, det vi tenkte små tankar om, at noko vakkert vaks fram. Vi kan tenke på vårt eige liv og sjå at der er spor attende til ein stad der det var håplaust, der livet var mørkt, der ein ikkje såg von for morgondagen.

Men midt i det som var mørkast og mest utan von, har vi fått lovnad om det som skal kome som skulle vise seg å gjere ein skilnad. I mørket i stallen opna det nyfødde barnet augo og såg sine medmenneske med Guds blikk. Han kom med lyset. Der var Gud.

 

Så om eg skulle skrive ei julebøn dette året, ville den vere slik:

 

Kjære Jesus, det er du som skal kome.

Av den tørraste kvist skal von springe fram.

Av det som ingen rekna for noko, skal liv bryte fram.

Vi gler oss til du kjem. Vi treng at du kjem.

Amen.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"