Sommarleir på Nesholmen 2025

Vert oppdatert....

Publisert:

Sommarleir på Nesholmen 2025
22. juni

Første dag på Nesholmen er ferdig, og freden er i ferd med å senke seg. Det vart ein tur oppover frå Aurland som tok lang tid då me vart ståande i 3,5 timar i vegstenging pga ulukke. Ungane tok ventetida fint, og litt før 7 var me framme på Nesholmen. Der venta det pizza og det smakte godt. Etter mat var det innkvartering på romma og so samling med aktivitetar som gjorde godt både for oppsamla energi og for å bli kjende med andre deltakarar frå Sogn og Fjordane. Aurland har i år 5 deltakarar, Lærdal 12 og so er det 13 frå andre stader i fylket. No er det sovetid for å lade opp til ein ny, kjekk dag i morgon😴

24.juni

Første heile dagen på Nesholmen er ferdig🙂 Starta med flaggheising 08.30 og fullspekka med aktivitetar til legging kl 22.30. Ein flott dag med bading for nokre trass i ein del regnbyger☔️

25.juni

Då var leiren på Nesholmen 2025 til endes. Mange gode opplevingar, mange nye vennskap, og for mange den første turen utan foreldre, har gitt mange gode minne🙂 Håpar å sjå mange av dykk til neste leir. Takk for no og ha ein strålande sommar😃☀️

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"