Når gravminne vert teke vekk frå ein gravstad, so vert dei som regel sende til knusing. Dette er ofte flotte steinar med god kvalitet som kan slipast ned og brukast opp att. Ved gjenbruk sparar ein både miljøet og pengar.
Har du gravminne som du ynskjer å bruke opp att på ei grav, so kan du anten slipe ned og få ny inngravering, eller du kan snu steinen slik at du har namn på begge sider.
Ynskjer du å overta brukt gravminne til bruk på gravplass, so har kyrkja i Aurland nokre ståande. Ta i so fall kontakt med kyrkjekontoret. Elles har óg mellom andre Eide stein teke inn gamle gravminne, slipt dei ned og lagt ut for sal til prisar langt under nye gravminne. Utvalet kan du sjå her (gå på LOGG INN - brukarnamn: tilbud, passord: tilbud) https://eidestein.no/