Ta gjerne kontakt med oss for ein hyggeleg samtale. Her kan me finne fram til dato som passar. Me kan begynne å planlegge vigselen i kyrkja. Her kan me hjelpe med tips til innhold. Noko er fast, andre elementer i vigselen kan de vere med å velgje, og så kan de få nokre tips til inngang og utgangsmarsj om de ønsker det.
Trykk her for å få nokre tips til bryllupsmarsj.
Det er ikkje vanskeleg å finne ein dato som går greit i kyrkja. Det som kan variere er om det er eit ønske om ein spesiell prest. Då må det avtalast i forhold til ferie og frihelger. Det er ein laurdag der vi desverre ikkje kan ha vigsel. Det er grunna samtalegudstenesten til konfirmantane. Då er heile kyrkja rigga med lys, lyd og scene-elementer. Det er nest siste helga i mai.
Den siste helga i mai er det konfirmasjon i Fedje kyrkje. Då er både prest og kyrkjemusikar opptatt fram til kl. 15.00. Derfor kan ikkje ei eventuell vigsel ikkje starte før kl. 15.00 i Austrheim kyrkje.
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.