Festeavgift

Friperioden for gravstad i Austrheim sokn/kommune er på 20 år. Dersom pårørande ynskjer å ha gravstaden lengre må gravstaden festast, og det må betalast festeavgift. Kun ein person kan stå som festar

Festeavgift

FESTEAVGIFTER I AUSTRHEIM KOMMUNE

Friperiode                  20 år

  • Festeavgift 20 – 60 år: kr 500 pr år i bolkar på inntil 5 år.
  • Festeavgift over 60 år: kr 900 pr år i bolkar på inntil 5 år.

Total tid for friperiode og festetid er 60 år. Ei grav som er 60 år gamal skal normalt slettast.  Det må søkjast særskilt for å festa ei grav som er eldre enn 60 år.

Barnegraver: Festeavgift er til ei kvar tid 50% av ordinær kistegrav

Urnegrav: Festeavgift er til ei kvar tid 50% av ordinær kistegrav.  Urne sett ned i ei kistegrav vert framleis rekna som ei kistegrav.

Symbolsk namneflytting: Gravplassforvaltninga tilrår namneflytting i dei tilfella der festar har fleire gravminne som han eller ho er ansvalege for. Ved å samla og overføra namna til eitt gravminne får ein også eitt gravminne som ein betalar festeavgift for. Dei gravminnene som namna vert flytta frå vert sletta.

Reservasjon av kistegrav: Det kostar no kr 5.000,- for å reservere ei kistegrav i 10 år. Vidare reservasjon skjer i 5-årsbolkar og kostar kr. 2.500,-

Refusjon kremasjonsavgift: For innbyggjarar heimehøyrande i Austrheim som vert bisett, og der urna vert sett ned på ein av gravplassane her, vert kremasjonsavgifta refundert.   Avgift vert refundert til den som har ansvar for gravferda mot framvist kvittering. 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"