Gudsrikeleiken er ein "leikande" måte å fortelja bibelforteljingar på. Metoden har vorte utvikla over lang periode og har røtene sine heilt tilbake til Maria Montossori. Gudsrikeleiken er "multi-sensorisk", dvs. at alle sansane er stimulert for å lære. Norsk Lærar Akademi (NLA) har henta Gudsrikeleiken til Noreg og tilpassa han til norske tilhøve og Den norske kyrkja.
Ikkje noko er meir fengjande som ei god historie. Slik har og trua vår vorte vidareført, gjennom historiane om Guds folk, mennesker som vandra i ørkenen, som opplevde ting med Gud. Borna opplever ofte ei veldig glede og tilfredstillelse av å høyra desse forteljingane som rører ved djupe spørsmål om meininga med livet, om døden, om glede og mykje anna.
Ynskjer du å oppleva nokon av dette for deg sjølv? Me i kyrkjelyden har lyst å invitere deg til ei inspirasjonsamling slik at du blir kjent med Gudsrikeleiken, som metode og som noe som kanskje inspirerer deg.