Det er blitt tilsatt ny kyrkjeverje
På soknerådsmøte 29.mars vart det tilsett ny kyrkjeverje i Austrheim. Han heiter Leif Arne Økland og bur på Myking i Lindås. Leif Arne startar i jobben medio august, og me gler oss over å få jobbe med han. For tida er han ansatt i NAV Lindås, og har tidlegare vore tilsett på bl.a Bjørgvin bispedømmekontor og i Austrheim kommune. Velkommen skal du vere!