Agenda:
1. Ord for dagen ved Rune Minde
2. Ny normalordning for liturgi. (sjå vedlegg lengre nede på sida)
Soknemøte i Austrheim Sokn hadde «ny ordning for gudstenesteordning» oppe til drøfting på soknemøte 14.04.21. Det var 11 medlemmer til stades. Soknemøtet vart orientert av Sokneprest Rune Minde som orienterte om framlegget for ordning for Austrheim og Fedje sokn.
Soknemøtet gav si tilslutning til planen slik den ligg føre
3. Årsmelding (sjå vedlegg lengre nede på sida)
Årsmeldinga vart godkjent, men med ønske om å presisere kva digitale tilbod ein har hatt gjennom året. Dette er blitt endra i versjonen som ligg lengre nede på sida.