Kontakt soknerådet Berle:
Ottar Kjell Senneset |
Leiar |
Berle kyrkje vart vigsla i 1977 og er bygd som ei arbeidskyrkje. Det er lagt stor vekt på at kyrkja skal vere praktisk i bruk. Berle kyrkje er bygd i betong. Innvendige materialer er leka-stein og trematerialer av furu. Interiøret er og av furu.
Kyrkja er tilrettelagt for personar med nedsett funksjonsevne. Det er montert teleslynge i kyrkjerommet. Utanfor er det skilta parkeringsplass for rørslehemma.
Utanom dei vanlege kyrkjelege handlingar blir kyrkja/ kyrkjestova nytta til Hobbyklubben, trusopplæringsktivitetar og andre tilstellingar.