Alphakurs oppstart haust 26

Alphakurs oppstart haust 26

Alphakurset er no ferdig, men det vil starta nytt til hausten

                                         Stad:                  Kyrkjetorget, Forsand kyrkje!

 

Kva er Alpha?

Målet med Alphakurs er å introdusera grunnleggande aspektar av den kristne trua gjennom undervisning, grupper, fellesskap og måltid.

Alphakurs er særleg tilrettelagt for folk som er nysgjerrige på den kristne trua, samtidig som det og passar godt for kristne som ynskjer å vete meir om den kristne trua og bli betre kjent med Jesus.

 

Over 30 millionar menneske i meir enn 150 land har deltatt på eit Alphakurs dei siste 30 åra.

 

 

Slik ser ein vanleg kveld ut:
– 19.00 Enkel kveldsmat
– 19.30 Felles samling med undervisning eller film
– 20.00 Gruppesamtale med kaffi
– 21.00 Slutt

 

Du blir ein del av den same gruppa heile kurset gjennom, og du bestemmer sjølv kor mykje du vil dele. Det er god plass til spørsmål, tankar og undring – heilt utan prestasjonskrav.

 

Kontaktperson: Ole Wollert tlf 41561737

Spørsmål: Kontakt gjerne Alpha komitéen: Andreas Frantzen, Arne Berge,

Eli Nygård, Ingunn Fossan, Kjersti Rettedal og Ole Wollert Meyer

 

Arr: Forsand kyrkjelyd, Normisjon og Huskyrkja

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"