Skrevet av: Annette Riise
Foto: Jo Stevenson, NLA Høgskolen)
Dette handlar foredraget som Joar Haga, professor ved VID Vitenskaplege Høgskule i Stavanger, held i Eigerøy arbeidskyrkje torsdag 23.oktober kl.19.30 om. Haga tek her for seg den kirkehistoriske situasjonen rundt den nikenske truvedkjenninga
Eigerøy kyrkjeakademi og Eigerøy menighet har gjort feiringa av Nikeum-jubileet til eit gjennomgåande tema i haust. Sist var det biskop Anne Lise Ådnøy frå Den norske kyrkja, og sokneprest, pater Pål Bratbak frå Den katolske kyrkja som samtala om korleis vi forstår «Nikeum» i dag. No kjem altså professor Joar Haga ved VID Vitenskaplege Høgskule for å fortelja meir om kva striden i Nikea stod om, og om kvifor han vart så viktig.
27.november kjem salmediktaren Eyvind Skeie for å losa oss gjennom ein salmekveld med eigne salmar der den kristne trua står i sentrum. Alt med Eigerøy kyrkjeakademi og Eigerøy menighet som arrangør.
Synes du dette høyrest spanande ut, og du har lyst til å høyra meir, så er arbeidskyrkja på Eigerøy staden. Som vanleg vert det og tid til ein god prat over eit enkelt måltid, og til slutt ei kort liturgisk avslutning med lystenning inne i kyrkjerommet – slik Møteplassene brukar å vera.»