Festeavgift:
1. periode: Bolkar på 5 år (frå 20-40 år) kr. 300,- pr. år
2. periode: Bolkar på 5 år (frå 40-60 år) kr. 400,- pr. år
3. periode: Bolkar på 5 år (frå 60-99 år) kr. 600,- pr. år
Barne- og urnegraver: halv festeavgift.
Feste av dobbeltgrav:
Fri kistegrav med ledig festa grav ved sida av kr. 3.000,-
Gjeld for 10 år, etter det må det avtalast ny festeperiode.
Avgifter for utanbygds tenester ved gravplass og gravferd i Fedje:
Utanbygds seremoni med kistegrav kr. 9.000,-
Utanbygds seremoni med urnegrav kr. 6.000,-
Symbolsk namneflytting:
Gravplassforvaltninga tilrår namneflytting i dei tilfella der festar har fleire gravminner som han eller ho er ansvarlege for. Ved å samla og overføra namna til eitt gravminne får ein også eitt gravminne som ein betalar festeavgift for.
Dei gravminnene som namna vert flytta frå vert sletta.
Etter skrifleg søknad til gravplassforvaltninga kan ein få løyve til å føre over namn frå festa gravstader til anna festa/nytt eksisterande gravminne. Dei gravene namna vert henta frå vert då sletta. Gravplassforvaltninga gjev nærare informasjon om dette.