Arbeidsoppgåvene vil vera målretta inn mot konkrete tiltak som til dømes «Lys Vaken» og «Tårnagentar». Også andre trusopplæringstiltak vil vera aktuelle. Arbeidsmengda vil i hovudsak bli konsentrert rundt konkrete trusopplæringsprosjekt. Det må såleis påreknast arbeid på kveldstid og enkelte helgjer. Ein må kunna vera tilgjengeleg for å delta på enkelte stabsmøte.
Stillinga er retta inn mot aldersgruppene frå 0 år og opp til konfirmantalder.
Næraste overordna er kyrkjeverja. Årsplan for arbeidet vert laga på bakgrunn av vedteken trusopplæringsplan og etter drøfting mellom trusopplærar og kyrkjeverja.
Kvalifikasjonar: Relevant utdanning på bachelornivå eller tilsvarande.
Lønn etter tariff. Kvelds og helgetillegg.
Spørsmål om stillinga kan rettast til kyrkjeverje Leif Arne Økland på tlf. 400 65 231 eller til soknerådsleiar Anna Marit Storemark på tlf. 993 64 828.
Søknadsfrist er fredag 22. april 2022.
Søknad kan sendast inn på epost: post.fedje@kyrkja.no eller på post til: Kyrkjekontoret, Stormarkvegen 49, 5947 Fedje.