Måndag 11. september er det kyrkjeval. Kyrkjevalet er lokalisert på Fedje skule, i Handarbeidssalen, med opningstid frå kl. 10.00 til kl. 20.00.
Kyrkjevalet er to val. Det skal veljast sokneråd og bispdømeråd. Alle bispedømeråda i landet utgjer Kirkemøtet.
Kven kan stemme?
Alle som er medlem i Den norske kyrkja og som fyller 15 år i løpet av 2023 har stemmerett i soknet der dei bur.
Medlem?
Det vert ikkje sendt ut valkort. Viss du vil sjekke om du er medlem eller kva sokn du høyrer til, kan du logge inn på «Min side» på kyrkja.no.
Presentasjon av kandidatane
Du finn informasjon om kandidatane på www.kyrkjevalet.no
Førehandsstemming
-
Fedjekyrkja:
Søndag 13. august kl 12.00 – 13.00
Fedje sjukeheim:
Torsdag 31. august kl 10.00 – 12.00
Kyrkjekontoret Fedje:
Torsdag 31. august kl 15.00 – 20.00
-
Om du ikkje har høve til å ta deg ut valdagen eller på nokon av tidspunkta eller stadane for førehandsrøysting, kan du kontkata kyrkjekontoret for å avtala tidspunkt for førehandsrøysting i heimen. Tlf nr kyrkjekontoret på Fedje: 951 57 569
Digital førehandsstemming
- Veljarar loggar seg på med Bank-ID eller tilsvarande. Du finn link på www.kyrkjevalet.no.
- Ein kan stemme så mange gonger ein vil, den siste stemma blir den teljande.
- Ein kan ikkje stemme på nytt på papir viss ein har stemt digitalt.
- Det er veljaren som har ansvar for at det blir hemmeleg val.
Endringar på stemmesetelen
- Veljaren kan gi ei ekstra personstemme til inntil tre kandidatar på lista ved å sette kryss ved namnet til vedkommande.
- Veljaren kan også
a) Ved soknerådsval: Skrive inn inntil tre valbare personar. Desse får ei personstemme kvar.
b) Ved bispedømerådsval: Gje inntil tre «slengarar» til kandidatar frå ei anna liste ved å føre opp namnet i eit eige felt. Desse får ei personstemme, og lista gir ei listestemme per slengar til lista til vedkommande.
Meir info
Du finn meir informasjon på kyrkjevalet.no.