Boka du får inneheld kjekke bibelforteljingar, bilete og songar, og vil bli delt ut under gudstenesta søndag 3. oktober kl. 11.00. Då skal me ha ei familiegudsteneste der du, familien og venene dine er spesielt inviterte.
Men før det, har me lyst til å møte deg og bli litt betre kjent med deg. Derfor vil me invitera deg og ein vaksen til kyrkja på ei samling laurdag 2. oktober kl. 11-12.30. Då skal me sjå oss om i kyrkja, ha minisøndagsskule og kosa oss med saft og bollar. Om du ikkje kan møte laurdag, er du like velkommen på søndag.
Me gler oss til å treffa deg!
4-årsbok og kyrkjevandring
Velkommen til kyrkjevandring og 4-årsbok utdeling - laurdag 2. oktober og søndag 3. oktober - for alle som er 4 år i år!