Som forfattar har Eyvind Skeie arbeidd med mange ulike uttrykk. Han har skrive dikt, songar, salmar, manuskript for fjernsyn, fagbøker, forteljingar og biografiar.
I ein periode på ti år arbeidde han med store TV-produksjonar for barn, mellom anna Portveien2 og Sesam Stasjon. Mange av songane hans har sunge seg inn i det norske folk, som «Tenn Lys» og «Nå er den hellige time».
Eyvind Skeie har også hatt eit internasjonalt engasjement. Ikkje minst knytta til Stefanusalliansen og kristne i Egypt.
Identiteten som prest har alltid vore sterkt til stades, ikkje minst gjeld dette bøker, refleksjonar, salmar og dikt knytt til mange av dei spørsmåla som sorga ber med seg.
–Vi møter alle sorgen på ulike måter gjennom livet. Ord og toner kan hjelpe oss til å leve i sorgens landskap, både med tårer og håp, seier Eyvind Skeie, som gler seg til å komme til Fitjar