Fredag 14.juni var det sommaravslutning i Breiavikjo for fredagskveld på Fitjar. Flotte ungdommar frå KRIK og tentreff var med. Nokre av dei hadde vore på leiarkurs med KRIK og hadde ansvar for aktivitetar denne kvelden. Dei arrangert mesterens mester konkurranse på ein god måte. Det var konkurranse i blandt anna sandslottbygging, armhevingar, kubb og ballkasting. Det var premie for 1.plass og til dei som hadde best lagnamn. Dei som ville kunne og bada og det var kajakar på vatnet, som mange fekk prøve seg i. Eirik Stensland frå ims hadde andakt det slo flammar frå. Han snakka om Paulus og hans misjonsreiser og møte med mennesker. Me grilla pølser og hamburgarar og det meste vart oppete av svultne ungdommar. God stemning og godt engasjement på konkurransar og nydelig vær. Tusen takk for ein strålande kveld saman med ungdommar og leiarar. Eg gler meg til å treffe dykk igjen til hausten. Håpar alle frå ein flott sommar ;)