Sommargudsteneste i Kråko - søndag 18. juli kl. 11.00
Søndag 18. juli er det tid for den årlege sommargudstenesta i Kråko. Dette har blitt ein tradisjon som mange set stor pris på. Denne gongen er det pensjonert sokneprest, Herman Inge Aadland, som leier gudstenesta, Torunn K. Aarskog er klokkar og medliturg og Harald Rydland har ansvaret for det musikalske. Han har også eit par andre musikarar og songarar med seg. Dette borgar for frisk song i gudstenesta. Velkommen til ei god formiddagsstund i vakre Kråko! Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet, Vipps #23412 - Fitjar sokn. Registrering ved frammøte. Ta med namnelapp med tlf. nr. Denne gudstenesta vert ikkje overført digitalt.