Soknerådet har sett ned ei gruppe som fram mot hausten 2021 skal arbeide med strategi for Fitjar Sokn. Gruppa er samansett av Anne-Marie Røed, Håkon Rydland Sæbø, Roald Drønen og Tom Rydland. Gruppa skal utarbeide eit grunnlag for strategi som soknerådet skal vidareutvikle og til sist vedta som kyrkja sin strategi. Me ynskjer innspel til dette arbeidet frå flest mogleg i soknet vårt.
Ein strategi skal gjere tydeleg kva mål og tiltak kyrkja i Fitjar skal ha, både lokalt og i ein større samanheng. Kva vil me, og kvar går vegen?
Ved å følgje lenkjene under kan de lese meir om dette arbeidet. Her finn de også eit skjema de kan bruke for å gje innspel.
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.