Det har vore mange med malerkost i kyrkja dei siste månadene, både menn og damer. Denne veka var det derimot nokre heilt spesielle damer. Dei har mala orgelet i kyrkja. Hovuddelen av orgelet er blitt ein lys grå. På sidene står det igjen noko finpuss og detaljarbeid, som skal gjerast i sommar. Elles har det kome ei mørk brun farge i dei mindre felta mellom det grå. Denne fargen speglar det brune i altertavla. Det gjer óg spira øvst på fasaden til orgelet med den mørke røde fargen. Sjølv om uttrykket kjem til å verte litt annleis med orgelpipene som kjem innimellom, får de her ein liten smakebit.
På bilete til høgre ser de korleis noko av detaljane på orgelet vert. Sjablongen til venstre er det Stian Helland som har laga. Han har teke utgangspunkt i pynten på det gamle orgelet, og forminska noko for at det skal passa inn i det nye. Det kan nemnast at malaren frå Trondheim vart så imponert at ho såg til å få med seg kortet til Stian Helland til Trondheim. Ho var imponert over kvaliteten og over kor raskt han leverte.